Inuittiske klede

Tradisjonell kvinnedrakt av karibuskinn med amauti-anorakk, bukse, vottar og lange støvlar med sidelommar. Bak har anorakken ein amaut eller lomme til å bera ein baby i. Frå Baker Lake, Eskimo Point and Hikoligjuaq, vest for Hudsonbukta. Innsamla av den 5. Thule-ekspedisjonen, 1921–1924
Moderne kvinneanorakk utforma av inuittdesignaren Victoria Kakuktinniq frå 2021. Hovuddelen av anorakken er laga av syntetisk vasstett stoff, med sølvrevpels rundt hetta og selskinnbord på falden og ermene. Den avrunda falden er typisk for ein tradisjonell amauti.

Inuittiske klede er tradisjonelt eit komplekst system av klede for kaldt vêr som blei laga av skinn og pels. Dei er blitt brukte av inuittar, ei gruppe kulturelt nærskylde urfolksgrupper frå arktiske område i Canada, Grønland og USA. Den grunnleggjande klesdrakta bestod av anorakk, bukse, vottar, innerfottøy og ytterstøvlar. Dei vanlegaste kjeldene til skinn var karibu, sel og sjøfuglar, men andre dyreslag blei også brukte når dei var tilgjengelege. Det å kunna laga varme, haldbare klede var ein livsnødvendig evne som blei overlevert frå kvinner til jenter, og kunne ta mange år å meistra. Tillaging av klede var ein intensiv, vekelang prosess som føregjekk over ein årleg syklus som følgde etablerte jaktsesongar. Tilreiing og bruk av skinnklede var sterkt knytt til tradisjonell inuittisk religion.

Til trass for den vide geografiske utbreiinga til inuittar i Arktis, var disse plagga historisk konsistente i både design og materiale på grunn av det vedvarande behovet for vern mot det ekstreme vêret i polarområda og det avgrensa utvalet av materiale ein kunne bruka. Innanfor desse breie avgrensingane varierte utsjånaden til individuelle plagg etter kjønnsroller og sesong, i tillegg til dei spesifikke klesskikkane til kvar stamme eller gruppe. Inuittane pynta kleda sine med frynser, anheng og innlegg av kontrastfargar, og tok seinare i bruk teknikkar som perlearbeid når handel gjorde nye materiale tilgjengelege.

Kledesystemet til inuittane har sterke likskapstrekk med skinnkleda brukte av andre sirkumpolare folk, som urfolk i Alaska, Sibir og russisk fjerne austen. Arkeologiske funn tyder på at historia til det sirkumpolare klessystemet kan ha byrja i Sibir så tidleg som 22 000 f.Kr., og i Nord-Canada og Grønland så tidleg som 2500 f.Kr. Etter at europearar byrja å utforske det nordamerikanske Arktis på slutten av 1500-talet, på jakt etter Nordvestpassasjen, byrja inuittar å ta i bruk europeiske klede og materiale. På omtrent same tid byrja europearar å forska på inuittklede, med visuelle skildringar, akademisk skriving, studiar av effektivitet og museumssamlingar. Europeiske utforskarar og tilflyttarar tok også i bruk inuittiske klede for å kunna overleva i kalde klima.[1][2]

I moderne tid førte endringar i livsstilen til inuittane til tap av tradisjonelle dugleikar og redusert etterspurnad etter komplette antrekk av skinnklede. Sidan 1990-talet har innsats frå inuittorganisasjonar for å gjenoppliva historiske kulturelle dugleikar og kombinera dei med moderne klesframstillingsteknikkar ført til ei gjenoppblomstring av tradisjonelle inuittklede, særleg til spesielle høve, og utviklinga av moderne inuittmote som sin eigen stil innanfor større urfolksamerikansk moterørsle.

  1. America, Artic Institute of North (29. april 2014), «Sewing Game», fortconger.org (på engelsk), henta 8. oktober 2022 
  2. Magazine, Smithsonian, «Inuit Women's Survival Skills, Which Kept Arctic Explorers Alive, Help Heal Residential School Survivors», www.smithsonianmag.com (på engelsk), henta 8. oktober 2022 

Developed by StudentB